Det var sånn at eg grua meg nesten til å
reise til Norfolk. Eg tenkte at det var litt skummelt å leiga bil og kjøre på
venstre felt, men med mobil eller GPS går det an å finna fram. Etter litt øving
og tålmodighet i trafikken går det an å kjøra óg. Utanfor London sin tung
trafikk var landskapet fin og vêret behageleg varmt. Målet var å reisa til
austkysten til Norfolk fylke for å gå til eit bryllaup. Eg og mine 2 veninner
som reiste saman var glade og spente på vei dit.
Magen meldte etter kvart sin behov for mat. Då såg vi eit skilt som peikte mot Cambridge. Eg hadde hørt masse om Cambridge og tenkte det var verdt å ta seg en tur for å sjå litt rundt. Vi hadde lyst å smaka ekte engelsk husmannskost og fant etter kvart ein brun pub som serverte middagsrettar. Eg sa til servitøren at eg var veldig svolten, då anbefalte ho grilla kylling og pommes frites. Ho kom med ein tallerk som hadde mat til minst 2 personar. Ein halv kylling som var sprø ute og møyr inne, saftig og kryddet med en saus laget av olivenolje, eddik, persille og sitron. Potetene var ferske, sprøe og heimelagde. Eg bestilte ein økologisk sider. Menyen med drikke var så lang at det såg ut som ein liten bok, mens maten fekk plass på berre eit ark.
Sjølv om eg var ganske mett etter
kyllingen, bestilte eg likevel ein sjokolade terte som var ekstatisk god… det
var berre hmm og ahhhh og wow så lenge det
varte. Etterpå fekk eg veta at i følgje
nettstaden opentable.co.uk, var denne
puben var ein av de beste 50 restaurantar i Storbritannia. Snakk om flaks.
God og mette og i godt humør bestemte vi
oss for å sjå gamle bygningar frå universitetet. De fleste av dei kan førast
attende til 1209. Universitetet i Cambridge er det nest eldste i den engelskspråklege
verda, og har berømte alumni som for eksempel Stephen Hawking, Charles Darwin, Dronninga
Margrethe av Danmark, Prins Charles, og poeten John Milton.
Cambridge har vakkert arkitektur,
hovudsakleg i Gotisk stil, som blomstret frå ca. i 1180 til 1520. Gotisk stil
kan kjennast igjen på grunn av buene, kvelvet taka, støttene og de store vindauga. Byggmeistrane frå den tida
hadde som mål å byggja høgast mogeleg og sleppe in mest mogeleg ljos.
Sidan Cambridge er ein universitetsby, den
har sjølvsagt mange fritidsaktivitetar. Eg såg plakat etter plakat med tilbod,
men vi hadde eit bryllaup å nå. Vonar eg kan reisa dit igjen ein anna gong så
skal eg ta meg tid til å sjå alle musea.
FAKTA OG INTERESSANTE NØTTER:
-Universitetet har 18,271 studentar.
-Cambridge by har en befolkning på
128,515.
-Medlemene i Cambridge Universitetet har
ein veldig viktig rolle i moderne fotball historie: dei skrev de første reglane
i 1848.
-Den første webkamera var skapt der.
Forskarane var leie av å gå ned trappa for å henta kaffi og finne ut at
kaffikanna var tom.
TING Å GJERA:
-Smaka på vin og ta eit kurs på vinskulen.
Du kan ta kurs som varer 1 dag. Kanskje du får nye vennar.
Cambridgeshirewineschool.com
-Besøk Senteret for data historie, ein
museum som viser den teknologisk utviklinga frå dei siste 50 åra til i dag.
Computinghistory.org.uk
-Spis godt at The Pint Shop, som serverer
øl i lokale frå 1830 talet.
Thepintshop.co.uk
-Det er sjølvsagt ein god idé å besøkje
The King’s College Chapel, en kapell som reflekterer den gotiske stilen og er
vakkert å sjå.
-Leig ein sykkel. Det ser ut at det er den
favoritt transporten der borte.
Cambridgebiketours.co.uk
-Ta deg ein tur til marknaden. Dei har suvenirar,
mat og lokale produkt.
-Besøkja ein kustutstilling hjå Byard Art
Cambridge, midt i Cambridge Sentrum.
Byardart.co.uk
Kilder:
Opentable.co.uk, Wikipedia, University of
Cambridge (cam.ac.uk), Visitcambridge.org.